Referat frå debattmøtet 4. april

april 12th, 2011  |  Published in Aktiviteter, Debatt, Referat

Vi var nærare 40 samla i auditoriet i Sydneshaugen skole for å diskutera Byråkratisering av høgre utdanning. Møtet vart innleidd med eit svært interessant og inspirerande innlegg frå professor Ivar Bleiklie som greidde ut om endringane i administrasjonen av universiteta: NPM i styringen av norske universiteter  – byråkratisering av høyere utdanning?

Deltakarane i debattpanelet var rektor Sigmund Grønmo, administrasjonssjef Ida Holen, dekan Gjert Kristoffersen og leiar av FAP-UiB Harald Åge Sæthre. Desse hadde friske innlegg, og innspela frå salen var både generelle og til dels retta mot enkeltdeltakarar i panelet og professor Ivar Bleiklie.

«Konklusjonen» i møtet vart vel i stor grad at mykje av byråkratiseringa kjem som pålegg frå «utsida» av UiB. Diskusjonen bør likevel halda fram; kan vi gjera noko med denne delen av byråkratiseringa? Og ikkje minst – kva med byråkratisering som vi sjølve genererer på ulike måtar..?

Tusen takk til alle som deltok, særleg Ivar Bleiklie og panelet, men også alle tilhøyrarane. Vi vonar det er interesse for fleire slike arrangement – slike opne debattar er noko i alle fall vi i arrangementskomiteen ønskjer det var meir av ved Universitetet i Bergen.

Leave a Response